Torbjørn og Aletta

Aletta Sofie Ølversdotter Sandvik (1882 – 1944) og Torbjørn Johannesen Musland (1874 – 1961)
GIFT: 12. juli 1907, BUSTAD: Øvre Sandvik i Omvikdalen i Kvinnherad kommune.
Lasta ned anetavle (PDF)

Aletta Sofie Ølversdotter og Torbjørn Johannessen gifter sig 1907.

Aletta Sofie Ølversdotter og Torbjørn Johannessen gifter sig 1907.

Den 12. juli 1907 vert det bryllaup for Torbjørn Johannessen Musland og Aletta Sofie Ølversdotter Sandvik. Ho er 25 år gammal og han er 33. Forlovarar er Ola Ølversen Sandvik, bror til Aletta, og Hagtor Johannessen Musland, bror til Torbjørn.

Første barnet, Johanna, blir fødd den 29. april 1908.

I juli same året blir Torbjørn og Aletta sjølveigande gardbrukarar då dei får skøyte på eit stykke beitemark av garden til far hennar på Øvre Sandvik i Omvikdalen. «Nybø» blir navnet på det nye bruket med gard nr. 111 og bruk nr. 3.

Foreldrene til Aletta, Ølver Gjertsen og Alis Sofie Kristoffersdotter hadde 1907 ført over skøytet på garden til sonen sin Ola. Torbjørn betalar 1100 kroner til Ola for «Nybø». Sjølve blir foreldrene til Aletta buande som kårfolk hos Ola og kona hans Anna Marta.

Garden "Nybø" på Øvre Sandvik ca 1956

Garden “Nybø” på Øvre Sandvik ca 1956.

Etter kvart skal Torbjørn og Aletta få åtte barn.

BARN:

Johanna: Född 29. april, døypt 21. juni 1908.
Fadrar: Alis J. Musland, Gjertrud J. Musland og Haktor J. Musland (alle søsken til Torbjørn) Synneva Ø. Sandvik og Olav Ø. Sandvik (alle søsken til Aletta)

Agnes: Fødd 11. august, døypt 26. september 1909.
Fadrar: Alis K. Sandvik (mor til Aletta), Brita J. Røyrvik, Margreta J. Musland, Halvard K. Fausk (kjæreste til Synneva Ø. Sandvik), Kristoffer K. Bjørnebøle (bror till Alis K. Sandvik)

Johannes: Fødd 5. juli, døypt 20. august 1911.
Fadrar: Anna Marta L. Sandvik (gift med Alettas bror Olav), Nilsina N. Kaldestad (søskenbarn til Torbjørn), Peder O. Ljosnes, Kristoffer K. Bjørnebøle (bror till Alis K. Sandvik)

Synneva: Fødd 26. juni, døypt 3. august 1913. Fadrar:
Berta K. Naterstad (søster til Alettas mor), Rakel K. Fausk (søster til Halvard K. Fausk), Boletta P. Ljosnes, Helge L. Naterstad (gift med Berta K. Naterstad), Olav Ø. Sandvik (bror til Aletta)

Tora Aletta: Fødd 11. juni, døypt 25. juli 1915. Fadrar:
Kristina P. Ripel, Sofie Bjørnebøle (søskenbarn til Aletta), Aletta H. Sandvik, Johannes L. Ripel, Johannes T. Sandvik

Ølver: Fødd 9. november, døypt 25 desember 1917.
Fadrar: Boletta P. (J.?) Ljosnes, Gurina L. Røysland (søster til Anna Marta L. Sandvik), Peder O. Ljosnes, Haktor J. Musland (bror til Torbjørn), Johannes Ø. Sandvik (bror til Aletta)

Olav: Fødd 8. oktober, døypt 30. november 1919.
Fadrar: Alis J. Helvik (søster til Torbjørn), Ingebjørg J. Ripel, Andreas O. Helvik (gift med Alis J. Helvik), Andreas H. Fet, Johannes A. Helvik (son till Alis og Andreas Helvik)

Borghild: Fødd 14. april, døypt 8. juni 1924.
Fadrar: Johannes Ø. Sandvik (bror til Aletta), Lars J. Ripel, Gudrun O. Sandvik (gift med Johannes Ø. Sandvik), Johanna P. Ljosnes, Alise O. Sandvik (brordotter til Aletta)

Get Directions