Agnes Sandvik

Som ungd prøvde Agnes seg som budeie på Seglem. Der var det kjekt å vera, men eit forsøk som budeie fekk vera nok, tykte Agnes.

Ho gjekk på husmorskule på Lavik i Sogn og reiste deretter til Olso. Der arbeidde ho som assistent på ein husstellskule og som hushjelp. Ho gjekk i bondeungdomslaget og fylgde med i det som foregjekk i tida.

Som hushjelp hadde ho gode vilkår hjå hyggelege folk, men ho ville prøva hotellivet og tok til som praktikant på K.N.A.hotellet. Ho gjekk óg på handelsskulen på Voss, men vart avbroten av tyske bomber i 1940. Seinare fullførde ho skulen på Stord.

Etter å ha arbeidd i nokre år på ulike hotell tok ho over som styrar på flyrestauranten på Stavanger lufthavn på Sola. Der var ho i dei fleste av sina yrkesaktive år og fylgde utviklinga frå ei lita brakke til ein moderne restaurant. På Sola vart det flyturar. På besøk hos vener i utlandet, på turar til frå Tunis i sør til familie og vener i Norge. Ho var óg glad i å gå på fjellturar, over Hardangervidda og i nærmiljøet.

Som pensjonist kjøpte Agnes ”Bråtet” i Omvikdalen for å slå seg ner i sin ”barndoms grøne dal”. Det vart nok ein stor overgang frå ein travel flyplass til elvasusen på ”Bråtet”. Men ho gjekk in for å stella fint både ute og inne, planta i hagen og bygga opp ein koseleg heim med minner frå mange reiser.

Seinare flytta Johanna óg til ”Bråtet”. Ho jobba flittigt men hus og hage, og strikka hundrevis av gode, varme labbar – til store mannfolkføter til små babyar.

Agnes og Johanna sat mykjer ute i hagen og den var eit syn av nydelege blomster og buskar.

”Bråtet” vart ein open heim for oss søsken. Vi vart alltid godt mottekne og fekk kontakt med heile slekta som óg hade samlingsplass der.

Helsa var ikkje alltid så god og til slutt måtte Agnes og Johanna få hjelp på Rosendalstunet. Men dei hade eit langt og rikt liv og mange gleder å sjå tilbake på.

Borghild Haugland

Tilbake til “Etterkommarar”