Johanna Sandvik

Etter konfirmasjonen var det ut i arbeidslivet for Johanna. Ho arbeidde både som hushjelp og som ”taus” på gard, og det var ingen grenser for kor mykje arbeid og ansvar ei ung jente kunne ha. Inn i mellom tok ho eit kurs i husstell og var assistent på ein husstell-lærarskule i Oslo.

Johanna ville gjerne arbeida sjølvstendig og tok til å stella hus og heim for ein familie i Eidsdal på Sunnmøre. Hus og matstell, fjøs og gard var hennar oppgåve. Dei gamle i huset fekk stell og pleie når dei trong det. Ungane fekk hjelp og trøyst og vart vener for livet. Hagen vart stellt og dyra fekk omsorg.

I tillegg vart ho godt kjend i bygda, fekk vener og var med i lag og på turar. Den vesle bygda vart ein heim.

Johanna var 78 år då ho bestemde seg for å bli pensjonist. Då flytta ho tilbake til Omvidalen og budde på ”Bråtet” saman med syster si, Agnes. Ho arbeidde mykje med hagen som alltid var velstellt og fin. Ho strikka og ein mengd med labbar, heile slekta var varm og god på beina. Dei hadde ein open heim, Agnes og Johanna, og vi var alltid velkomne.

Etter ei fallulukke vart ikkje helsa heilt den same og Johanna fekk plass på Rosendalstunet. Der kom ho til å trivast bra, og kom seg fram med rullator. Ho las mykje, mellom anna las ho heile det gamle testamentet i bibelen med hjelp av lupe.

Ho heldt fram med å strikka, fine små babysokkar og store mannfolklabbar.

Johanna hadde eit langt liv med store forandringar, men ho fylgde med, og gjorde det beste av kvar dag.

Borghild Haugland

Tilbake til “Etterkommarar”