Haktor Olsen og Alis Larsdotter

Haktor Olsen, Skorpen (1804 – 1883) og Alis Larsdotter, Josnes (1802 – 1879)
BUSTAD: Skorpo i Kvinnherad

Haktor og Alis gifter seg i 1830. Alis kjem frå Ljosnes. Haktor har vakse opp på Skorpo utanfor Uskedalen og der buset paret seg.

Såvel far til Haktor, Ole Nielsen som bestefaren og oldefaren hadde vore gardbrukarar på Skorpo. Garden høyrde under Onarheimkyrkja på Tysnes sitt gods, men frå 1744 til 1827 var slekta heil- eller deleigarar i både kyrkja og garden. I 1818 vart den gamle kyrkja ved ei synfaring “sagt aldeles ugyldig, og at en nye Kirke i steden skulle opbygges”. År 1820 stod den nya kyrkja ferdig. Men truleg vart kyrkjebygget for dyrt for far til Haktor. I 1827 vert han nødd til å selja både kyrkja og garden.

Kjøpar er ein mann ved namn Niels Randulf Bugge. Same året får Haktor bygselseddel på garden og foreldrene hans Ole Nielsen og Anna Haktorsdotter blir vilkårsfolk på garden.

Haktor bygslar og driv heile garden på Skorpo men alt i 1828 skriv Bugge kontrakt med Haktor og faren om retten til sjølv å bygga på ett stykke mark på garden. Dette skal etter kvart bli det nye hovudbruket på Skorpo.

Den 15. mars 1834 druknar Bugge på sjøen 55 år gammal. Etter kva bygdeboka for Kvinnherad fortel kan det ha gått til slik: «Nils Bugge drukna, seier tradisjonen, då han og Ludvig Vågen var på tur over fjorden til Onarheim. Den same tradisjonen vil ha det til at Ludvig i Vågen veksla nokre ord nede ved naustet med ein mann som soga ikkje namngir. Denne mannen skulle ha sagt: «det er høveleg ver i dag, til å gjera det. Og du veit kva eg har lova.» Ein annan versjon vil ha det til at Ludvig hadde gjort Bugge til hanrei, og at dei kom i slagsmal i båten, så Bugge fall over bord. Det kom ikkje til noko gransking av dødsfallet, så det kviler uvisse over kva som eigentleg gjekk føre seg på Skorpo og Onarheimsfjorden den dagen.»

Det finns óg nokre husmannsplassar under Skorpo. Enka etter Bugge, Christine Bugge, gjev 1837 festeseddel på plassen «Vaagen» til Niels Halsteinsson og kona hans Britha Nielsdotter. Ho kjem frå Fjellandsbøe i Uskedalen og er søster til Torbjørn sin farfar Torbjørn Nielsen som busette seg med familien sin i Sande i Etne.

I januar 1838 kjøper ein man ved namn Mikael Langballe Onarheimkyrkja med tilhøyrande eigedomar av dødsbuet etter Bugge. Skorpo kjem til å verta i Langballeslekta si eige i fleire generationar. Tysnes kommune tek over Onarheimkyrkja i 1862. I 1893 står ei ny kyrkje ferdig på Onarheim. Den har fått ei litt anna plassering.

Haktor og Alis får ei dotter den 20 juni i 1832. Ho får namnet Anna etter mor til Haktor.  Anna dør 1934.

Sonen Lars vert fødd den 9. april 1835. Han vert oppkalla etter far til Alis.

Två år seinare kjem Ole til verda og då er det far til Haktor som vert oppkalla. Britha Nielsdotter er fadder.

Ei ny lita Anna ser dagens ljud 1840. Ho vert oppkalla etter farmora si og ein av fadrane er Niels Halsteinsson. Same året får Niels og Britha dottera Kari.

Minstebarnet Johanna vert fødd 1942.