Torbjørns farfar og farmor

Torbjørn Nielsen (1816 – 1867) og Gjertrue Johannesdotter (1810 – 1872)
BUSTAD: Sande i Etne kommune

Torbjørn  og Gjertrue gifter sig på sommaren 1841 og slår seg ner som husfolk på garden Fjellandsbø der Torbjørn er fødd og oppvekst. Garden ligg høgst oppe i Uskedalen og høyrer til Skånevik kommune. Gjertrue er fødd på Tysnes, men då ho var 5 år gammal flytta foreldrene til husmansplassen Elvakrokjen under Fjellandsbø. Torbjørn og Gjertrue er søskenbarn.

Center map
Traffic
Bicycling
Transit
Google MapsGet Directions

Barna Johannes og Kari vert fødde
I februar 1842 blir fyrste sonen fødd. Han får namnet Johannes etter far til Gjertrue. Det er langt til kyrkja i Holmedal (Utåker) så Johannes vert døypt heime av bror till Torbjørn, John Nielsen Fjellandsbø. John står og med som fadder saman med søstrene sine Britha Nielsdotter, Skorpo og Anna Nielsdotter, Kaldestad og dessuten gode venner frå Musland, Samson Olsen og Johannes Thomassen.

Dottera Kari kjem til verda 8. desember 1843 og alt den 10. desember blir det dåp, denne gongen i kyrkja sjølv om det er mittvinters. Kari blir oppkalla etter mor til Torbjørn. Kari, mor til Torbjørn og Johannes, far till Gjertrue er søsken og fødde på Tysnes.

Torbjørn og Gjertrue flyttar til Etne
I 1845 flyttar familien frå Fjellandsbø til garden Sande i Grindheim sokn i Etne prestegjeld. Her blir dei husfolk på plassen Heleflaat under Sande. Johannes er no 3 år og Kari 1.

Som husmann på Heleflaat skal Torbjørn arbeida for bonden Rasmus Rasmussen nokre dagar vår og haust og nokre veker om sommaren. For det får han ei lita løn. Dessuten skal han vedlikehalde skiftegjerder og bøgjerder heile året «på egen Kost» dvs. utan ekstra betalt. Til gjengjeld disponerar han og Gjertrue nokre jordlappar som dei kan bruka til husdyrhald og til å dyrka korn og poteter. Grensene for plassen er detaljert beskrivne i festeseddelen (avtalen). Når det gjeld husa står det i festeseddelen: «Det bemærkes at samtlige huse på Pladset ere Hans eiendom og vedligeholdes av ham efter forgodtbefindende.»

Og ”mot de anførte forpliktelsers ordentlige efterkommelse” får Torbjørn Nielsen bruka og besitta husmannsplassen så lenge han lever «og hustrun efter ham så længe hun i Enkestand forblive».

Niels og Sæbjørn kjem til verda
Sonen Niels vert fødd i på Sande den 4. august 1845. Dåpen blir den 10. august og bonden på Sande, Rasmus Rasmussen, er ein av fadrane. Dei andre fadrane kjem óg frå Sande eller frå nabogarden Ekrem. Det ser ut som om Torbjørn og Gjertrue alt har funne seg vel tilrette i Etne. Minstemann Sæbjørn vert fødd 20. mars 1849 og døypt den 25. mars. Fadrane hans kjem frå Sande og nabogarden Flokketvedt.

År 1856 er det tid for Johannes å konfirmera sig. Gjertrue og Torbjørn kan vera nøgde med sonen. Han får omdømet Temmelig god i kristendomskunskap og Meget god i flit og oppførsel.

Torbjørn køper gard på Musland, Johannes blir gardsbestyrar
På Øvre Musland i Uskedalen finns det tre gardsbruk. Då Torbjørn 1861 får veta att det eine bruket, med Matrikkel nr. 126 løpenr. 332, er til salgs kjøper han det for 400 specidaler. Han må ha tenkt det som ei investering for å sikra barna si framtid for han og Gjertrue blir buande på Heleflaat medan Johannes som no er 20 år, blir gardsbestyrar på Musland.

Sæbjørn druknar
Den 9. februar 1862 druknar Sæbjørn i Stordalsvatnet under ei ferd på isen, 12,5 år gammal.

Året er 1865.
Torbjørn og Gjertrue bur framleis på Heleflaat. Dei har ei tenestejente, den 15 år gamle Britha Aslaksdotter. På husmannsplassen har dei 2 storfe, 17 sauer, 5 geiter, 1 gris og dessuten havre og poteter.

Barna har flytta ut. Johannes og Kari bur no begge på Øvre Musland der han er gardsbestyrar og ho er husholdar. Saman med tenestejenta Britha Paulsdatter på 14 år basar dei over 15 sauer, 5 kyr og 6 geiter. Hest har dei og.  På nabogarden på Musland (331) bur ekteparet Torkel Hansen (55) og Britha Farteinsdatter (41). Familien Anders Thomassen (41) og Britta Johannesdatter (33) med fire barn på mellom 4 og 10 år er óg gode naboar å ha for Johannes og Kari.

Niels har reist til Frue sokn i Hetland prestegjeld i Rogaland (ikkje langt frå Randaberg). Der har han teke seg arbeid som tjenestekar på garden Søndre Lunde (Eg skal dobbelsjekka at det er rett Niels).

Torbjørn dør 51 år gammal
Den 25. august 1867 dør Torbjørn av ein eller annan form for magesjukdom. Han vert 51 år gammal.

Niels flyttar tilbake til Sande og den 13. juni 1868 sel Gjertrue husa på Heleflaat til sonen for 45 specidaler.

Kari gifter seg med Tørres 1869
Kari og barndomskamraten Tørres Sjursen har bestemt seg for å gifta seg. Han er soldat, tre år eldre enn henne og  fødd på Kvammen eit par kilometer frå Sande. Bryllaupet blir den 21. november 1869. Kari og Tørres slår seg ner på husmansplassen Bjøndalen under Haaland i Etne (ikkje langt frå der vegen i dag tek av mot Skånevik). Dei kjem til å få fem barn, Gjertrud Gurine1875, Guri 1877, Sjur 1879, Karine 1882 og Tea Kristine 1885.

Johannes blir sjølveigande bonde på Musland
Same året som Kari gifter seg tar Johannes over skøytet og alle økonomiske forpliktelser på garden på Musland frå mor si. Gjertrue flyttar til Musland og blir vilkårskone.

Niels kjøper gard og gifter sig
Niels har óg byrja fundera på å gifta sig. Jenta heiter Martha Viersdatter. Ho er fødd 1837 og kjem frå Indre Matre (i Skånevik). Skal ein forsørja ein familie kan det vera bra å ha eigen gard. Det vert derfor til at Niels 1870 tar over skøytet på Musland frå Johannes. Same året melder Niels flytt frå Sande i Etne til Musland i Kvinnherad. Den 23 november 1871 gifter han seg med Martha. I begynnelsen av 1872 melder Martha flytt frå Indre Matre til Musland.

Niels blir far og enkemann og Gjertrue dør
Året 1972 går ein stygg skarlagensfeber over bygdene. Mange dør av sjukdommen, både unge og gamle. På Musland blir både Gjertrue og Martha sjuke. Den 2. november 1872 dør Gjertrue, 62 år gammal. Hon får derfor ikkje sjå sitt første barnebarn Martinus, som blir fødd den 15. november, samme dagen som mor hans Martha dør av skarlagensfeber. Martha vart 35 år. Niels er 27 år står aleine att med ein nyfödd son.

Niels
Niels blir buande på garden på Musland i nokre år. I 1874 gifter han seg med søskenbarnet sitt Anna Johnsdotter frå Kaldestad. I 1880 flyttar dei til Kaldestad der dei blir buande resten av livet. Dei kjem til å få seks barn men berre Nilsina Johanna lever til ho blir vaksen. Skarlagensfeber tar fire av barna 1889.

Johannes gifter sig med Johanna Haktorsdotter frå Skorpo >>

Namn: Torbjørn Namn: Gjertrue
Nielsen Johannesdotter
Fødd: 20. juni 1816 Fødd: 17. februar 1810
Stad: Fjellandsbø, Skånevik Stad: Mittvåge, Tysnes
Far og mor: Niels Jonsen og
Kari Kristoffersdotter
Far og mor: Johannes Kristoffersen og
Ingebor Anthonidotter
Død: 25. august 1867 Død: 2. november 1872
Orsak: Magesjukdom Orsak: Skarlagensfeber
Stad: Sande i Grindheim prestegjeld, Etne Stad: Musland i Uskedalen, Kvhd
Yrke: Husmann med jord Yrke: Husmor

GIFT: 12. juli 1841 i Skånevik kommune

BARN:
* Johannes Torbjørnsen (1842 – 1908) g 1873 Johanna Haktorsdotter (1842 – 1919)
Kari Torbjørnsdotter (1843 – 1916) g 1869 Tørres Sjursen Kvammen
Niels Torbjørnsen (1845-) g1 1871 Martha Viersdotter, g2 1874 Anna Johnsdotter Kaldestad
Sæbjørn (1849 – 1862)