Ølver Olsen og Barbra Gundersdotter

Ølver Olsen Egeland ( – 1773) og
Barbra Gundersdotter Bogsnes (1737-1758)
GIFT: 1754, BUSTAD: Undarheim på Husnes

Ølver Olsen kom frå Eikeland (Egeland) ved Valen. I tidlegare tider høyrde bygdene frå Teigen og utover mot Utåker til Fjelberg kommune.

Ølver og bror hans Paal vart konfirmerte i 1741. I kyrkjeboka for Fjelberg står det att både Ølver og Paal vart konfirmerte i Vikebygd, så truleg var gutane i teneste der.

Kan gutane ha vore tvillingar? I så fall var begge fødde i 1720. Kanske var Ølver eit år eller to yngre enn Paal. Vi veit ikkje alderen sikkert for dessverre finns det ikkje kyrkjebøker for Fjelberg lenger tilbake enn til 1739. Men Paal døydde den 18. januar 1771 og då var han 50 år og 9 veker gammal.

Morfaren til Ølver og Paal heitte Ølver Sjursen. Han var fødd i 1644 og vart bygselmann på Eikeland etter ein mann som heitte Jon Eikeland. I sine unge år hadde Ølver Sjursen vore dreng hos Jon Eikeland. Truleg gifte han seg med enka etter Jon, Ingeborg Olsdotter (1636-1711).

Ølver Sjursen er altså den første Ølver vi kenner til i slekta, men om han veit vi ikkje  anna enn att han hade to barn, Peder (1671-1719) og Anna (1679 – 1742).

Studerar vi manntalet (berre menn var talde) for 1701 finn vi 30 år gamle Peder Ølversen på garden Eicheland (Eikeland) i Fjellberg. Peder er altså onkel til Ølver Olsen, bror til mor hans. Om Peder Ølversen står det att han var fattig.

I manntalet for 1701 finn vi og dei to smågutane Jon på 10 år og Ole på 8 på Eikeland. Det er ikkje Peder som er far til gutane. Far deira heitte Paal Jonsen, son til den tidlegare nevnde Jon Eikeland. Paal Jonsen døydde i 1695. I skiftet får vi veta att han og hadde to døtre, Britte og Marite.

Ole Paalsen vart far til Ølver og Paal. Han gifte seg med den drygt 20 år eldre Anna Ølversdotter. Anna må altså ha vore over 40 år då ho fekk sønene Ølver og Paal. År 1742 vart Paal bygselmann på Eikeland etter far sin medan Ølver gifte seg til gard på Undarheim på Husnes 1746.

Ølver Olsen gifter seg med Baarni Larsdotter

I januar 1746 gifte Ølver Olsen seg med Baarni Larsdotter frå Undarheim på Husnes. Der hadde Baarni (moderne: Borgni) budd med dei to tidligare ektemennene sine óg.

Baarni var fødd i 1708. Første mannen hennar heitte Ole Johansen Tveit-Undarheim. Dei gifte seg i 1733 og fekk døtrene Dorthe, fødd i 1735 og Brite fødd i 1737. I 1741 vart Baarni enke. To år seinare gifte ho seg med Ole Halversen Undarheim. Dei fekk sonen Ole i 1744. Omtrent samtidigt vart Baarni enke for andre gången. Året etter døde sonen.

Då Baarni og Ølver gifte seg var døtrene hennar 9 og 11 år gamle. Same året fekk Ølver og Baarni ei dotter, Anna. Sonen Ole kom i desember 1748. Paal Olsen var fadder på brorsonen sin.

Men Ole skulle berre bli 11 veker og 3 dagar gammal. Året etter, i 1750, døde Anna. Ho vart 3,5 år.

Ølver vart enkeman i 1753 då Baarni døde, 44,5 år gammal. I skiftet etter Baarni vert døtrene Dorthe og Brite nemde. Det vert og to år gamle Ole, son til Ølver Olsen. Ole må altså vera fødd ca 1751 men eg har ikkje funne han i kyrkjebøkene verken for Kvinnherad eller Fjelberg.

Ølver gifter seg med Barbra Gundersdotter frå Bogsnes 1754

Barbra Gundersdotter var berre 17 år gammal då ho og Ølver gifter seg. Ho var fødd 1737. Foreldrene till Barbra var Synneve Nielsdotter frå Undarheim og Gunder Torgersen frå Bogsnes. Ein tippoldefar til Barbra på morsida, Jon Eriksson Brandvik, var bror til Margrete Eriksdotter Dall, ho som fekk sonen Anders Helvik med Axel Mowat.

Ølver kjende familien till Barbra vel. Han hadde vore fadder på bror hennar, Torger, fødd i 1749. Barbra var eldst av 10 søsken. Søstera Kari døde i 1758, 16 år gammal og var den einaste av søskena som aldri gifte seg.

Ølver og Barbra fekk første barnet sitt Gunder i februar 1756. Han vart oppkalla etter far til Barbra.

I 1756 fekk Ølver og Barbra ei gammal enke, Magdele frå Lundgaat (Langgåta), på legd. Så lenge folk kunne minnast hade det vore ei plage med alt fattigfolk som gjekk rundt på dørene og tigga. I 1775 vart det inført ei ny lov som gjorde det forbudt både å tigga og å gje ved dørenen. Fattigfolk som var i stand til det skulle setjast i arbeid. Dei som ikkje kunde arbeida for seg fekk gå på legd, dvs. på omgang frå gard til gard. Mange bønder protesterte på nyordninga, men det hjelpte lite.

Magdele var 88 år i 1756 då ho kom på legd og om henne står det i registeret over legdslemmer at ho var “Ældgamel Enke, meget fattig svag og sengeliggende”. Ho budde 8 dagar hos Ølver og Barbra. Resten av tida i ein legdperiode på 24 dagar var fordelt mellom to av nabogardane.

Tisdagen den 29 november 1757 døypte Ølver og Barbra sonen Jon.

Men på nyåret 1758 døde både Barbra og Jon. Barbra Gundersdotter vart berre 20 år og 5 månader gammal. Jon levde i 6 veker og 3 dagar.

Ølver gifte sig for tredje gång

I to års tid var Ølver enkeman og einsamståande far til Gunder og Ole før han gifte seg igjen i 1760. Den nye kona heitte Anna Johansdotter Naterstad. Rundt påsketider 1763 døypte dei dotter si som fekk navn etter Ølver si avlidne kone Barbra Gundersdotter. Om mannen eller kona i eit ekteskap hade ein avliden tidligare ektefelle var det tradisjon å kalla opp første barnet av samma køn etter den avlidne. Søster til Barbra, Ragnele Gundersdotter Bogsnes var fadder samen med Baarnis dotter Brite. Den nye vesle Barbra skal berre bli 3 veker og 1 dag gammal.

Ølver og Anna døypte sonen Johannes den 16 februar 1766 og får ei lita Baarni i 1772.

I 1773 hender det noko. Både Ølver og Anna dør. Det merkelige er att eg ikkje har funne dødsfalla registrerte i kyrkjebøkene. Derimot finns skiftet etter dei. Handskrifta er vanskelig å lesa men eg har komme så langt:

Skifte etter Ølver Olsen 1773

Anno 1773 den 3. September blev skifte holdt paa Gaarden Ohnereim i Qvindhereds Skibrede efter avdøde ektefolk Ølver Olsen og kone Anna Johansdtr. Imellem hver efterlavte samtlige Barn, med første kone sønnen Ole Ølversen 27 aar gl. med b… kone sønnen Gunder Ølversen 18 aar gl med sidste kone sønnen Johannes Ølversen 7 aar gl og dt Borni 1 aar gl. Nærværende alle Barnene med …..manden Richard Mucklebust og …….. manden Lars Olsen Mucklebust og Jacob Olsen Ohnereim. …………formue blev foretaget som i La…. til … Summa 257

…. Elling Naterstad …. 1_3_8 …. Ole paa Berge …. 8_1_11 …. ……. i Nerhavn …. _?_? ………Lars Kaldestad …. _1_ _ …. Ole Langeland …. 2_3_ …. Samson Huglen …. 1_1_8 …. Lars Kaldestad …. 1_3_ …. Niels Bielland …. _2_9 …. ??.. ….eland …. _1_2_

Når det gjeld dei no foreldrelause barna så havna Baarni på Øvre Fet i Uskedalen. Baarni vart berre 3,5 år gammal. Ole finn vi igjen i våpenlista for Baroniet Rosendal 1788. Då var han óg på Øvre Fet og disponerte eit gevær.  Om Ole veit eg ellers ikkje anna enn at om han var 2 år då mora Baarni døde i 1753 så må han då faren døde i 1773 ha vore 22 år, ikkje 27 som det står i skiftet.

Johannes vart verande på Undarheim og arbeidde som dreng til han døde den 21 mai 1785, 19 år gammal.

Men Gunder, fyrste sonen til Ølver og Barbra, kjem til å gifta seg og få etterkommarar.

Astrid Haugland
9 desember 2013
Oppdatert 23 september 2015