Synneva og Olav Skaar

Synneva Musland (1913 – 2009) og Olav Skaar (1911 – 1967)
GIFT: 1940. BUSTAD: Valestrandsfossen på Osterøy

Titta i Synneva og Olav sin fotoalbum

Synneva Sandvik og Olav Skaar gifte seg den 12. oktober 1940 i Hamre kyrkja på Osterøy. Til høgre: Borghild Sandvik søster til Synneva.
Synneva Musland og Olav Skaar gifter seg. Til høgre: Borghild Sandvik søster til Synneva.

Synneva Musland og Olav Skaar gifte seg den 12. oktober 1940 i Hamre kyrkja på Osterøy.

Synneva kom til Valestrand i 1936 eller 1937 og jobba som meierske der til 1940 då krigen braut ut.

Tidligare hadde ho gått på Statens meieriskule for kvinner ved Jæren meieri på Bryne. Ho gjennomgjekk eit fullstendig kursus ved skulen frå 1. september 1933 til 30. november 1934 og fekk ved avsluttingsprøven som karakter ”Meget godt”.

Olav har alltid arbeidd på båt, men før han vart kaptein på ”MS Bruvik” reiste han som 16 – 17 åring ut på båt med broren Sigurd. Han begynte som matros på båtar som ”Jepsen” og var på ein båt som heite ”Fanaråken” i 1938. Under krigen gjekk Olav på styrmannskule og i 1949 begynte han som styrmann på ”Bruvik”. Han var styrmann på ”Bruvik” frå 1949 – 1953. Frå 1953 og fram til sin død i 1967 var han kaptein på ”MS Bruvik”.

Kaptein Olav Skaar på "MS Bruvik"
Kaptein Olav Skaar på “MS Bruvik”

Under krigen budde ”Synno” og Olav hos naboen der dei pakta gard mens dei heldt på og byggja hus. Huset vart ferdig i jula 1949.

Synneva og barna. Frå venstre: Leiv-Magne, Torbjørn og Arne. Rigmor sit på fanget.

“Synno” og Olav fekk fire barn. Eldste sonen Leiv-Magne vart fødd den 7. januar 1943. Torbjørn kom till verda den 31. desember 1945 og Arne den 4. desember 1944. Arne døde 2010. Den 2. oktober 1952 fekk “Synno” og Olav ei lita jente, Rigmor.

Synneva likte godt å jobbe i hagen og arbeide med handarbeid. Olav likte å gå på jakt og var ellers ofte på turer i fjellet. Det var på ein jakttur at han døde av hjerteinfarkt den 4. oktober 1967.

Etter att ho vart enke jobba Synno på telegrafen på Valestrand frå 1968 – 70. Ho jobba og som husmorvikar (heimehjelp) etter at ho jobba på telegrafen. Dessutan var ho også formann i Valestrand husmorlag.

Anne-Grethe Holsen
Barnebarn